Langrennsløypene på Heia friska opp 26. januar

27.01.2023

Løypenettet på Heia er friska opp (minus Beråsen). Anbefalinga er å ta til venstre i det fyrste krysset mot Langemyr (sjå piler) då det ligg ein del kvist og kvast i løypa når du går til høgre (men fullt mulig å gå). 

Når du kjem til Stemmyr, anbefales det å ta til høgre og gå opp forbi Presttjønn og opp til Postkassa og ned langs vegen og ned igjen gjennom Lusbudalen. Dette grunna at det er utfordringar med åpne bekkar og humper mellom Postkassa og Presttjønn.

Føret torsdag kveld var fint, men litt isete i skogen der snøen har falt frå trea. God tur!

For dei som ynskjer å støtte løypelaget, kan det vipsast til #692420. 

© 2024 Aktiv i Vrådal. Alle rettigheter forbeholdt.
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!