VRÅDAL IDRETTSLAG

Vrådal IL blei stifta i 1928 og tilbyr aktivitet for unge og gamle. Det største arrangementet er den årlege fotballskolen som kvart år samlar born frå 7-16 år til fem dagar med fotballmoro. I tillegg er det bootcamp-trening, spinning, treningsrom (Vrådal Fitness), allidrett for barn, skikarusell om vinteren, oppkøyring av langrennsløyper og turbokkasser på ni stader i Vrådal. Desse blir trekte kvart år, og alle vinnere kunngjeras på Vrådalsdagen i juli.

Årsmøte 2024

Tysdag 12. mars kl. 19.00 på klubbhuset.

Fotballskolen (veke 27)

Dyktige instruktører, dugnadsånd og samhold har gjort at Vrådal kan arrangere fotballskole for 37. gang i år. Onsdag i fotballskoleveka er det også grilling og underhaldning på fotballbanen på kvelden. Dette er ein årleg begivenhet for både deltakere og lokalbefolkning. Kvart år deles det også ut fotballstipend til ein talentfull fotballspiller frå Vest-Telemark. 

Påmeldinga til årets fotballskole blir lagt ut her.

Styrkerom (frå 17 år)

I kjelleren på Joker er det bygd opp eit styrkerom med kondisjons- og styrketreningsapparater. Dette kan brukes av medlemmer over 17 år (16 år med fylje av foresette). Dette koster 800 kr per år + kontingent til idrettslaget. Innmelding til gunvortovstaul@gmail.com. I e-posten skriv du navn, adresse og fødselsdato. Kontonummeret er 2660.20.26557. Når betalinga er registrert på kontoen vår, får du tilsendt ein kode for å komme deg inn på treningsrommet.

Turbokkasser
Friluftslivgruppa har turbokkasser på følgende stader i Vrådal: Hægefjell, Skardstøylnetten, Austre Roholdtsfjell, Såtedalen (Postkassa), Langemyr, Åhomnuten, Venelifjell og Blika. Her blir det trekt vinnere ein gong i året. I tillegg har vi kasse på Austgardsnuten. 

Bootcamp-trening

Kvar torsdag blir det arrangert Bootcamp-trening på grendehuset eller ute ved klubbhuset når været tillet det. Denne treninga passar for alle nivå og ein får trent heile kroppen og kjenner raskt på progresjon. Det blir lagt ut innlegg på Facebook-sida til Vrådal Fitness der ein kan melde seg på. NB! Ein må vere medlem av Vrådal Idrettslag for å vere med, men det er lov å komme å prøve fyrst.


© 2024 Aktiv i Vrådal. Alle rettigheter forbeholdt.
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!