Vrådal Sanitetslag

Vrådal Sanitetslag

Vrådal Sanitetslag har per dags dato 65 medlemmar! I den strategiske planen for 2018-2024 heiter det at Norske kvinners sanitetsforening skal vere modig, nytenkande og likestilt. Prioriterte område er å fremme kvinners helse, me skal bidra til ein trygg og inkluderande oppvekst, og vere med å skape trygge lokalsamfunn! Vrådal Sanitetslag har dei siste åra prioritert barn og unge, psykisk helse, og det kjem me til å fortsette med. Me støttar Vrådal yngres, me støttar opp om Bamseklubben, me støttar Vrådal fitness med frukt, me har hatt fleire innslag med tema psykisk helse, spesielt for unge. Me har faste gåturar hver veke, symjing ei gong i veka og me gjer god rabatt hos Helsefoten.

Til høsten skal me ha foredrag på Kvitsund gymnas, sammen med Kviteseid Sanitetslag. Me har Dig in, lære om næringsrik mat for ungdom. Me har og ei beredskapsgruppe, sammen med Kviteseid Sanitetslag. Me vil og prøve å få til leksevenn, å hjelpe dei nye innbyggjarane med å lære seg norsk.

Kvar haust har me basar siste søndagen i oktober.

Aktivitetar 2024

25. februar Årsmøte kl. 15.00 på klubbhuset til Vrådal IL

© 2024 Aktiv i Vrådal. Alle rettigheter forbeholdt.
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis!