Opning av Stolpejakt i Vrådal 11. april
			            
	03.04.2025
			        
Fredag 11. april kl. 06.00 opnar årets fyrste Stolpejakt-kart i Kviteseid kommune, og det ligg i Vrådal. Last ned Stolpejakten-appen til telefonen din, registrer deg, så er du klar til å jakte stolpar i kommunen i sommar. I mai kjem det fleire kart frå kommunen, blant anna eit eige Kunstkart som vil vise utgangspunktet til fleire målerar då dei måla motiv rundt om i kommunen.