VRÅDAL IDRETTSLAG
Vrådal IL blei stifta i 1928 og tilbyr aktivitet for unge og gamle. Det største arrangementet er den årlege fotballskolen som kvart år samlar born frå 7-16 år til fem dagar med fotballmoro. I tillegg er det bootcamp-trening, spinning, treningsrom (Vrådal Fitness), allidrett for barn, skikarusell om vinteren, oppkøyring av langrennsløyper og turbokkasser på ni stader i Vrådal. Desse blir trekte kvart år, og alle vinnere kunngjeras på Vrådalsdagen i juli.
Årsmøte 2026
Sundag 8. mars kl. 15.00 på klubbhuset. Det blir også offisiell åpning av det nye tilbygget på klubbhuset.
Fotballskolen (veke 27)
Dyktige instruktører, dugnadsånd og samhold har gjort at Vrådal kan arrangere fotballskole for 37. gang i år. Onsdag i fotballskoleveka er det også grilling og underhaldning på fotballbanen på kvelden. Dette er ein årleg begivenhet for både deltakere og lokalbefolkning. Kvart år deles det også ut fotballstipend til ein talentfull fotballspiller frå Vest-Telemark.
Påmeldinga til årets fotballskole åpner i løpet av våren og du kan melde deg på her.
Styrkerom (frå 17 år)
I kjelleren på Joker er det bygd opp eit styrkerom med kondisjons- og styrketreningsapparater. Dette kan brukes av medlemmer over 17 år (16 år med fylje av foresette). Dette koster 950 kr per år + kontingent til idrettslaget. Ved ny innmelding i Vrådal Fitness bruk denne linken:
https://medlemskap.nif.no/23513
Meld deg inn og betal og send e-post til gunvortovstaul@gmail.com for å få kode. Send med skjermbilde av bekrefta betaling.
Husk å merke av for Fitness når du melder deg inn. NB! Du må rekne med at det kan ta eit par dagar før du får koden.
Turbokkasser
Friluftslivgruppa har turbokkasser på følgende stader i Vrådal: Hægefjell, Skardstøylnetten, Austre Roholdtsfjell, Såtedalen (Postkassa), Langemyr, Åhomnuten, Venelifjell og Blika. Her blir det trekt vinnere ein gong i året. I tillegg har vi kasse på Austgardsnuten.
Bootcamp-trening
Kvar torsdag blir det arrangert Bootcamp-trening på grendehuset eller ute ved klubbhuset når været tillet det. Denne treninga passar for alle nivå og ein får trent heile kroppen og kjenner raskt på progresjon. Ta kontakt med Therese Eilefsen hvis du vil vere med. NB! Ein må vere medlem av Vrådal Idrettslag for å vere med, men det er lov å komme å prøve fyrst.
Idrettsmerke

